Vinterdrift for Voss herad rode 39 Hodnaberg
Utgått
Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.
Anleggs- og veibygging
Voss Herad trenger vinterdriftstjenester for å levere strø- og brøytetjenester i Voss herad over 53 måneder. Tjenestene inkluderer beredskap, brøyting og strøing av rode 39 Hodnaberg. To viktige formelle krav er erfaring fra lignende oppdrag og tilstrekkelig utstyr og mannskap. Anbudets vekting er 70% pris og 30% klima og miljø.
Om anbudet
- Kontakt navn
- Ragnhild Igland Vadla
- Kontakt telefon
- +47 56519400
- Kontakt e-post
- ragnhild.i.vadla@voss.herad.no
- Adresse
- Uttrågata 9, 5700 VOSS
Føremålet med anskaffinga er å dekke behovet for strø- og brøytetenester på kommunale veger og plassar i Voss herad, i dei periodane som vert definert som brøytesesongen, og ut over dei tenestene som driftsavdelinga i Voss herad utfører sjølve. Voss herad utfører noko vintervedlikehald i eigen regi. Driftsavdelinga brøyter og strør nokre roder og plassar sjølve, og desse areala er dermed ikkje omfatta av denne anskaffinga. Andre oppgåver som ikkje er omfatta er mellom anna utsetjing av brøytestikk, kosting av sand etter sesong, osb. Oppstart på sesongen er ulike for strøing og for brøyting, og sesongen byrjar tidlegare på roder som heilt eller delvis ligg over 200 moh. Sjå oversikt over sesongen i Bilag 1A Strø- og brøyteinstruks. Dei kommunale vegane og plassane i Voss herad er delt inn er delt inn i 39 roder. Voss herad har sjølv ansvar for tre av rodene, og 35 av rodene er kunngjort i eigen konkurranse, sak nr 24/7213. Denne konkurransen omfattar dermed berre ein rode, rode 39 Hodnaberg. Sjå Bilag 1B Rodeoversikt, og lenke: Brøyteroder - Voss herad (kommunekart.com) Tenestene omfattar i hovudsak beredskap, brøyting og strøing av tildelt rode, og eventuelt snørydding. Andre tenester som naturleg høyrer inn under avtaleområdet kan også bli omfatta av rammeavtalen, i mindre omfang. Oppstartsdato er snarleg etter tildeling. For meir informasjon om kva anskaffinga inneber syner vi til Bilag 1 Kravspesifikasjon, Bilag 1A Strø- og brøyteinstruks for Voss herad 2024 - 2028, og Bilag 1B Rodeoversikt.Hovedtrekkene i prosedyrenKonkurransen vert gjennomført som ein open anbodskonkurranse, jf. FOA § 13-1 (1). Denne prosedyren gjev alle interesserte tilbydarar høve til å levere tilbod. Det er ikkje høve til å forhandle. Det er dermed ikkje høve til å endre på tilboda etter at frist for å levere tilbod har gått ut.
Egne vurderingskriterier
Start gratis prøveperiode for å stille egne spørsmål om anbudet og få KI-genererte svar.
Tildelingskriterier
Beskrivelse
Evalueringsprisen består av eit vekta snitt av følgande to prisposter: • timepris for brøytetenester, med eige skjær/snøplog/fres, vekta med 70 % • timepris for strøing, inkludert maskiner og utstyr, vekta med 30 %
Beskrivelse
Det vert under dette kriteriet gjort ei skjønnsmessig vurdering av rutinar og tiltak som bidreg til å redusere miljøbelastninga ved gjennomføring av kontrakten. Det vil mellom anna bli evaluert på følgande: • Korleis leverandøren vil planlegge logistikken, slik at ein reduserer tal på køyrekilometer, t.d. ved tilkøyring til og frå roden, og under utføring av arbeidet på sjølve roden. • Forpliktande bruk av maskiner med klassifisering ut over minimum, som er steg IV, dvs. at det vert gitt høgare utteljing dersom leverandør forpliktar seg til å f. eks brøyte med maskin med steg V på ein eller fleire roder. Få fram kva rode det gjeld, dersom det vert gjeve tilbod på fleire roder. • Andre tiltak som reduserer bruk av drivstoff, til dømes om det vert brøyta opp eller nedoverbakke på roder med høgdeskilnader, bruk av motorvarmar, osb. Tiltak og rutinar må være konkrete og forpliktande for å få utteljing. Ein kan gjerne nytte relevante døme.
Kvalifikasjonskrav
Beskrivelse
Leverandøren skal vera registrert i eit foretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. Leverandøren må ha eit organisasjonsnummer.
Dokumentasjonskrav
Norske tilbydarar: Firmaattest. Utanlandske tilbydarar: Stadfesting på at selskapet er registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit bransjeregister i samsvar med lovgjevinga i det landet kor tilbydaren er etablert.
Beskrivelse
Leverandøren skal ha erfaring frå samanliknbare oppdrag.
Dokumentasjonskrav
Skildring av leverandøren sine relevante oppdrag i løpet av dei siste 5 åra. Skildringa må inkludere opplysningar om: Namn på mottakar av tenesta (kunde/ oppdragsgjevar), med namn på konktakpersonen, Tidspunkt (frå/til), Kontraktsverdi for leverandøren, Kort skildring av leveransen og kva leveransar leverandøren sto for (type tenester/ oppgåver som vart utført, og leverandøren si rolle). Det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren kan dokumentere erfaringa ved å vise til kompetanse til personell han rår over og kan nytte til dette oppdraget, sjølv om erfaringa er opparbeidd medan personellet har utført teneste for ein annan leverandør. Enkeltmannsføretak kan dokumentere erfaring frå arbeid for andre entreprenørar. Hugs forpliktingserklæring dersom ein skal støtte seg på underleverandør for å oppfylle kravet til erfaring. Nytt gjerne vedlegg 4A Mal oversikt over relevante oppdrag, eller legg ved eiga oversikt med tilsvarande informasjon.
Beskrivelse
Tilbydar må disponere over tilstrekkeleg tal på køyretøy (med mannskap) og utstyr til å kunne oppfylle kontraktsvilkåra for den/ dei delkontraktene (rodene) det vert levert tilbod på. Utstyr og maskiner på vere eigna til tiltenkt bruk. Sjå Bilag 1B for skildring av krav til utstyr, og Bilag 1C for oversikt over kor mange køyretøy med mannskap som må til for å dokumentere tilstrekkeleg kapasitet, for kvar rode. Det er ikkje høve til å tilby same køyretøy eller mannskap på to ulike roder. På denne roden (39) vil eitt køyretøy med mannskap og utstyr være tilstrekkeleg for å oppfylle kravet til kapasitet.
Dokumentasjonskrav
Oversikt over kva for utstyr og maskiner tilbydar har til disposisjon, til dømes: Traktor/ arbeidsmaskin, Brøyteutstyr, Snøfres, Strøutstyr, Brøytarar (mannskap). Dersom ein skal støtte seg på underleverandør for å ha tilgjengeleg tilstrekkeleg utstyr, må tilbydar legge ved forpliktingserklæring som stadfester at ein disponerer over maskiner/mannskap/utstyr. Nytt gjerne vedlegg 4B Mal oversikt over tilgjengeleg utstyr, eller legg ved eiga oversikt.
Tidligere kontraktsvinnere
Start gratis prøveperiode for å se hvem som har vunnet lignende anbud hos denne oppdragsgiveren.
Se hele utlysningen
- Innkjøper
- Voss Herad
- Tittel
- Vinterdrift for Voss herad rode 39 Hodnaberg
- Type
- Hovedkode
- Tilleggskoder
- Lokasjon
- Vestland
- Varighet
- 53 måneder