Planfagleg bistand til områderegulering for flaumsikring av Lærdalsøyri
- Frist
- 1. des.18 dager igjen
- Tildeling
- Oppgåveforståing og gjennomføringsopplegg 30 % og 1 til
Brief
Bakgrunn Lærdalsøyri er kommunesenteret i Lærdal kommune, og er utsett for flaum frå Lærdalselvi. Lærdal kommune skal i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida ein områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Lærdal kommune er oppdragsgjevar og ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanen. Multiconsult har på oppdrag frå NVE utarbeidd ein moglegheitsstudie for heilskapleg sikring av Lærdalsøyri mot flaumhendingar i Lærdalselvi. Studien viser at det er mogleg å sikra Lærdalsøyri mot flaum, men at dette krev omfattande tiltak på begge sider av elva over eit større geografisk område. Tiltaka må planavklarast før dei kan prosjekterast og gjennomførast. Det aktuelle planarbeidet omfattar ikkje berre sjølve sikringstiltaka, men også areal som er nødvendige for tilkomst, bygging, rigg, drift, tilsyn og framtidig vedlikehald. Planarbeidet må ta omsyn til eksisterande busetnad, næringsverksemd, landbruk, infrastruktur, landskap, naturverdiar, kulturmiljø og andre interesser innanfor og i nærleiken av planområdet. Det er utarbeidd eit planprogram for områdereguleringa. Planprogrammet var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.10.-21.12.2025, og blei fastsett av kommunestyret 10. september 2026. Det fastsette planprogrammet legg føringar for planprosessen, medverknaden, alternativa som skal vurderast og konsekvensutgreiast samt utgreiingsarbeidet som skal gjennomførast. Planarbeidet skal gjennomførast i nært samarbeid mellom Lærdal kommune, NVE, leverandøren og andre relevante styresmakter og interessentar. Føremålet med oppdraget Føremålet med oppdraget er å få fagleg bistand til å utarbeida ein komplett områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Områdereguleringsplanen skal: Avklara arealbruken for aktuelle flaumsikringstiltak Sikra nødvendig areal for etablering, tilkomst, bygging, rigg, drift og vedlikehald av tiltaka Avklara forholdet til eksisterande og planlagd arealbruk Vurdera verknadene av tiltaka for miljø og samfunn Gi eit tilstrekkeleg grunnlag for vidare detaljprosjektering og gjennomføring Bidra til ein føreseieleg og etterprøvbar planprosess Legga til rette for medverknad med grunneigarar, innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og offentlege styresmakter Leverandøren skal sikra fagleg samordning mellom dei ulike delane av planarbeidet. Det skal vera tydeleg og dokumenterbart samsvar mellom fagutgreiingane, konsekvensutgreiinga, risiko- og sårbarheitsanalysen, plankartet, reguleringsføresegnene og planomtalen. NVE jobbar parallelt med forprosjektet, og det er forventa at leverandøren samarbeider tett med NVE for å sikra samsvar mellom kommunen og NVE sine planarbeid.
Arkitekttjenester
Egne vurderingskriterier
Få svar på bid/no-bid-kriteriene deres
Sett dem opp én gang, så svarer Cobrief i hvert anbud
Skal dere gi tilbud?
Agenten setter opp tilbudet og skriver førsteutkastet. Gratis i 14 dager.
Tildelingskriterier
Beskrivelse
Pris blir evaluert på grunnlag av evaluert totalpris. Evaluert totalpris blir rekna ved å multiplisere tilbydde timeprisar med dei evalueringsmengdene som er oppgitte i prisskjemaet. Eventuelle andre priskomponentar som går fram av prisskjemaet, blir lagde til. Evalueringsmengdene blir berre nytta for å sikre samanliknbare tilbod. Dei inneber ikkje nokon garanti for faktisk timeforbruk eller uttak under kontrakten. Dersom leverandøren ikkje fyller ut ein prispost, kan oppdragsgjevaren leggje den høgaste relevante prisen i tilbodet til grunn, dersom dette kan gjerast utan å endre tilbodet.
Kilde
Ingen kilde funnet i dokumentene. Sjekk vekten mot konkurransegrunnlaget.
Beskrivelse
Oppdragsgjevaren vil vurdere i kva grad det dokumenterte gjennomføringsopplegget sannsynleggjer ei effektiv, føreseieleg og fagleg god gjennomføring av det konkrete oppdraget. Det blir lagt vekt på: om leverandøren viser god forståing av føremålet, kompleksiteten og dei sentrale utfordringane; om arbeidsmetodane er konkrete, relevante og tilpassa oppdraget; om opplegget sikrar god samordning mellom fagområda og plandokumenta; om framdrifta og ressursdisponeringa er realistisk; om sentrale risikoar og avhengigheiter er identifiserte og følgde opp med konkrete tiltak; om opplegget for samarbeid og medverknad er målretta og gjennomførbart; om gjennomføringsopplegget reduserer behovet for omarbeiding, forseinkingar og unødvendig ressursbruk. Det blir vurdert positivt dersom leverandøren identifiserer oppdragsspesifikke utfordringar og foreslår konkrete og realistiske tiltak som gir meirverdi utover minstekrava i kravspesifikasjonen. Omfattande tekst gir ikkje i seg sjølv høgare poengsum. Det er relevansen, presisjonen og kvaliteten på det skildra opplegget som blir vurdert.
Kilde
Ingen kilde funnet i dokumentene. Sjekk vekten mot konkurransegrunnlaget.
Beskrivelse
Oppdragsgjevaren vil vurdere i kva grad tilbode nøkkelpersonell har kompetanse og erfaring som kan bidra til høg kvalitet og effektiv gjennomføring av det konkrete oppdraget. Det blir lagt vekt på: relevant utdanning og fagleg kompetanse; erfaring frå komplekse og tverrfaglege planoppdrag; erfaring frå konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse; erfaring frå planlegging av flaumsikring, naturfaretiltak eller større tekniske anlegg; erfaring frå samhandling med kommunar, statlege styresmakter, grunneigarar og andre interessentar. Erfaring frå områderegulering, flaumsikring og tilsvarande komplekse planprosessar blir vurdert positivt, men er ikkje eit absolutt krav til kvar enkelt nøkkelperson. Det blir gjort ei samla vurdering av nøkkelpersonellet. Prosjektleiaren og senior arealplanleggjar vil bli tillagde størst betydning. Vekting av nøkkelpersonell ved vurdering vil vere som følger: Prosjektleiar 40 % - senior arealplanleggar 40 % - junior arealplanleggar 20 %. Opplysningar som berre gjeld leverandøren si generelle verksemdserfaring, og som ikkje kan knytast til tilbode nøkkelpersonell, blir ikkje vurderte under dette kriteriet.
Kilde
Ingen kilde funnet i dokumentene. Sjekk vekten mot konkurransegrunnlaget.
Beskrivelse
Oppdragsgjevaren har vurdert anskaffinga etter anskaffingslova § 5 b tredje ledd. Anskaffinga gjeld ei plan- og rådgivingsteneste som etter si art hovudsakleg består av fagleg arbeid, digitale leveransar og digitale møte. Kontrakten omfattar ikkje byggje- og anleggsarbeid, maskinbruk eller innkjøp av byggjemateriale, og behovet for fysiske møte og reiser er avgrensa. Oppdragsgjevaren vurderer derfor at både klimaavtrykket og miljøbelastninga frå sjølve rådgivingstenesta er uvesentleg. Unntaket i anskaffingslova § 5 b tredje ledd kjem dermed til bruk, og klima- og miljøomsyn blir ikkje nytta som eige tildelingskriterium. Rådgivaren sitt arbeid kan likevel ha vesentleg betydning for klima- og miljøverknadene av dei framtidige flaumsikringstiltaka. Slike omsyn skal derfor ivaretakast som ein integrert del av planarbeidet, konsekvensutgreiinga og dei faglege vurderingane som følger av kravspesifikasjonen og fastsett planprogram.
Kilde
Ingen kilde funnet i dokumentene. Sjekk vekten mot konkurransegrunnlaget.
Tidligere vinnere
Hvem konkurrerer dere mot?
Leverandørene som har vunnet lignende kontrakter hos Lærdal Kommune
Fra kunngjøringen
Bakgrunn Lærdalsøyri er kommunesenteret i Lærdal kommune, og er utsett for flaum frå Lærdalselvi. Lærdal kommune skal i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida ein områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Lærdal kommune er oppdragsgjevar og ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanen. Multiconsult har på oppdrag frå NVE utarbeidd ein moglegheitsstudie for heilskapleg sikring av Lærdalsøyri mot flaumhendingar i Lærdalselvi. Studien viser at det er mogleg å sikra Lærdalsøyri mot flaum, men at dette krev omfattande tiltak på begge sider av elva over eit større geografisk område. Tiltaka må planavklarast før dei kan prosjekterast og gjennomførast. Det aktuelle planarbeidet omfattar ikkje berre sjølve sikringstiltaka, men også areal som er nødvendige for tilkomst, bygging, rigg, drift, tilsyn og framtidig vedlikehald. Planarbeidet må ta omsyn til eksisterande busetnad, næringsverksemd, landbruk, infrastruktur, landskap, naturverdiar, kulturmiljø og andre interesser innanfor og i nærleiken av planområdet. Det er utarbeidd eit planprogram for områdereguleringa. Planprogrammet var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.10.-21.12.2025, og blei fastsett av kommunestyret 10. september 2026. Det fastsette planprogrammet legg føringar for planprosessen, medverknaden, alternativa som skal vurderast og konsekvensutgreiast samt utgreiingsarbeidet som skal gjennomførast. Planarbeidet skal gjennomførast i nært samarbeid mellom Lærdal kommune, NVE, leverandøren og andre relevante styresmakter og interessentar. Føremålet med oppdraget Føremålet med oppdraget er å få fagleg bistand til å utarbeida ein komplett områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Områdereguleringsplanen skal: Avklara arealbruken for aktuelle flaumsikringstiltak Sikra nødvendig areal for etablering, tilkomst, bygging, rigg, drift og vedlikehald av tiltaka Avklara forholdet til eksisterande og planlagd arealbruk Vurdera verknadene av tiltaka for miljø og samfunn Gi eit tilstrekkeleg grunnlag for vidare detaljprosjektering og gjennomføring Bidra til ein føreseieleg og etterprøvbar planprosess Legga til rette for medverknad med grunneigarar, innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og offentlege styresmakter Leverandøren skal sikra fagleg samordning mellom dei ulike delane av planarbeidet. Det skal vera tydeleg og dokumenterbart samsvar mellom fagutgreiingane, konsekvensutgreiinga, risiko- og sårbarheitsanalysen, plankartet, reguleringsføresegnene og planomtalen. NVE jobbar parallelt med forprosjektet, og det er forventa at leverandøren samarbeider tett med NVE for å sikra samsvar mellom kommunen og NVE sine planarbeid.Hovedtrekkene i prosedyrenAlle interesserte leverandører kan levere tilbud gjennom Hyyr. Konkurransen har ingen prekvalifiseringsfase. Tilbudene evalueres direkte, og det er ikke adgang til dialog eller forhandlinger utover mindre avklaringer og korrigeringer av tilbudene. Leverandøren oppfordres på det sterkeste til å følge de anvisninger som gis i dette konkurransegrunnlaget med vedlegg og eventuelt stille spørsmål ved uklarheter i kommunikasjonsmodulen i Hyyr.
Kontakt
Lærdal kommuneniklas.aarnio@laerdal.kommune.no- KonkurranseType
- VestlandLokasjon
- 71410000HovedkodeByplanleggingstjenester
- 71000000Arkitekt-, konstruksjons-, ingeniør- og inspeksjonstjenester71240000Arkitekt-, ingeniør- og planleggingstjenester71250000Arkitekt-, ingeniør- og oppmålingstjenester71311300Rådgivning i forbindelse med infrastruktur71317000Rådgivning i forbindelse med beskyttelse mot og kontroll av farer71400000Byplanleggings- og landskapsarkitekttjenester90711000Miljøpåvirkningsanalyse, bortsett fra bygge- og anleggsarbeid90711100Risikoanalyse eller farevurdering, bortsett fra bygge- og anleggsarbeid90712000Miljøplanlegging